Lina
Lina Taule Fjørtoft er ei 27 år gammal skodespelar frå Bergen som våren 2016 gjekk ut frå teaterproduksjon og skodespelarfag ved Nord universitet (tidl. HiNT).
Lina jobbar for tida med produksjonen "Hit eit steg" basert på Ingebrigt Daviks fargerike univers. Dette er ein co-produksjon med Det Vestnorske Teateret. Lina er manusutviklar, produsent og skodespelar.
Hausten 2016 debuterte Lina på Den Nationale Scene som Hodel i "Spellemann på taket", regissert av Svein Sturla Hungnes. Videre fulgte roller i det nyskrevne musikkteateret "Engler over Møhlenpris", krimkomedien "Historien om et mord", "Folk og røvere i Kardemommeby" og monologen "Octavia". Ved DNS har Lina også medvirka i ei rekke skodespelardrivne prosjekt og konsertar. Ho debuterte hausten 2019 som dramatikar i eit spesialbestilt stykke frå DNS for aldersgruppa 3- 6 år.
Lina jobber også skapande, saman med Haflidi Arnar Haflidason har ho teaterkompaniet Fnugg Teater. I 2019 hadde Fnugg Teater premiere på "Bjørnis og de røde prikkene", som har blitt spelt både innlands og utanlands. Framsyninga vart invitert til Lahti i Finland, den har turnert i Hardanger, gjesta klima- og miljøfestivalar i Oslo og var hoveddelen av Bergen kommunes "Scuba"-festival i 2019.
I 2017 var ho med på å utvikle og produsere urpremiera av "Trufilotten" i samarbeid med Globus Teater og Unge Viken Teater. Stykket er tatt opp i scenekunstbruket og har blitt vist på m.a. Haugesund Teater ,Teater Ibsen og Teater Innlandet.
Lina har fordypning i forteljekunst og har også mykje erfaring innanfor song. Ho er også interessert i å jobbe med film. Ho har medvirka i TV-serien "Aber Bergen" og har vore med i fleire kortfilmproduksjonar.
I 2015 vart Lina og Hafidi Arnar Haflidason Norgesmeistre i vitenskapsshow, med showet "Frida og Professor Vinter". Lina er tilknytta vitensenteret VilVite, her er ho med på å formidle realfagleg kunnskap på ein spanande måte. I 2019/2021 er ho med på det internasjonale prosjektet: "Sci:Stage"som går ut på å forske på korleis vitskap og teater kan kombinerast. Dette skal ende opp i ei framsyning på Island i mai 2021.
I løpet av teaterkarriera si har Lina fått ei rekke prisar og stipend, som bl.a. "Drømmestipendet" og "Bergen kommunes talentutviklingsstipend".
Lina er opptatt av å ta vare på born og ungdoms rett på kultur og har vore ein ivrig ambassadør for "Drømmestipendet", Kulturskolen og "UKM". I 2018 og 2019 var Lina medlem av fagjuryen i teater for Drømmestipendet.