LINA
Skodespelar - teaterprodusent - manusutviklar
![]() | ![]() | ![]() |
---|---|---|
![]() |

Mi verd, mitt arbeid
Lina
Teaterverda- ein stor del av mitt liv, både som skodespelar, produsent, dramatikar og instruktør for barn og unge. Å møtes for å fryse og forlenge øyeblikk, å lære å sjå og forstå menneske, å bli betre kjent med seg sjølv gjennom samspel med andre. Eg er ein scenekunstnar som boblar inne med mange idear, som vil skape. Vere allsidig og ta dypdykk. Med ein fot innan både frilansfeltet og instutisjon er eg vandt med ulike arbeidsprosessar: Ute på tur frå gymsal til kulturhus med historia om Krabbe- Krølle og Flyndre-Fanten. Dreiescene, kostymeskift og stort ensemble under stjernehimmelen på Den Nationale Scene. Vandreteater i skog og mark, der kva som helst kan dukke opp bak neste tre. Den lune barnehagekroken med isbjørnen Bjørnis- som kanskje er levande heilt på ekte?
Eg er alltid nysgjerrig på nye prosjekt, ta gjerne kontakt!
NYHEITER
KVA ER PÅ GONG

Arbeidsstipend fra kulturrådet
Mars 2022
Tusen, tusen takk! I dag fekk eg 2 år med kunstnarstipend frå Kulturrådet
Det er ei ære å få vere i selskap med så mange andre dyktige kunstnarar som står på for å halde kunsten levande.
Tusen takk til Hjørdis M. Steinsvik og Syv mil for god søknadshjelp, som kom i stand grunna Proscen.

Flotte omtaler til Rita Løvetannhjarte
Mars 2022
Både Scenekunst.no og Norsk Shakespeare tidsskrift har kommet med flotte omtaler av "Rita Løvetannhjarte"!
Omtale i Norsk Shakespeare tidsskrift

Rita Løvetannhjarte urpremiere
Februar 2022
26.02 er det tid for urpremiere på stykket mitt: Rita Løvetannhjarte // Frontlosjefestivalen 2022. Stykket spelast 26 - 28.02 på Cornerteateret.

Heksejakten
Februar 2022
Februar er her, og jeg har masse spennende på programmet! Først ut er Vandreteater i Nygårdsparken: Heksejakten nå på søndag 6.februar, sammen med Eventyr i Parken. Ta med en liten venn og bli med tilbake til Bergen på 1600-tallet. Bli kjent med en tid da det idylliske området på Sydneshaugen, var kjent for helt andre ting enn vannliljer, flittige studenter og utstoppede elefanter.

Bergen, kem e du? - Arna og Åsane
Januar 2022
På torsdag og fredag var det endeleg klart for å ta for seg "Arna og Åsane" under "Bergen, kem e du?". Takk til Det Vestnorske Teateret for trua på konseptet, og til alle mine flotte gjestar som ville stille opp for å utforske desse to bydelanes identitet. Eg gler meg til å ta fatt på resten av Bergens bydelar i løpet av våren!

Kunstneropphold på Jakob Sande - senter for forteljekunst
Januar 2022
Tilbringer de første dagene av året på Jakob Sande-senter for forteljekunst sammen med Eventyr i Parken. Her planlegger vi vårsesongen og flere spennende prosjekt

Takk for et innholdsrikt år
Desember 2021
Tusen takk til alle gode samarbeidspartnere, og små og store venner som har vært med på å gjøre 2021 så rikt! Godt nytt år alle sammen! Gleder meg til flere spennende møter i 2022!

Teatersprell
November 2021
Dei siste vekene har vore fulle av teatersprell. På fredag avslutta vi ei to vekers turné med "Hit eit steg" i Vestfold og Telemark, og spelte framsyning nr.100! Takk til alle som tok oss så godt i mot. I helga var det duka for 4 rundar med framsyninga "Oline Havnisse" med Eventyr i Parken og no har vi i Fnugg Teater gjort oss klare til barnehageturné på Askøy med "Bjørnis og de røde prikkene". Dette vert kjekt

Døgnfluer - 4 forestillinger på 24 timer
Oktober 2021
I helgen var jeg med på dette spennende prosjektet! 4 forestillinger på 24 timer.
Prosjektet fikk en flott omtale på scenekunst.no
Les omtalen her

Hit eit steg på Fjørtofta
Oktober 2021
Mellom skodde og bølgjeskvulp, langt uti havgapet, ligg der ei lita øy og tittar fram: slektsøya mi Fjørtofta. Ei øy som før var yrande av liv, har no omlag 80 fastbuande igjen, der 5 av dei er barn. Skule og barnehage er nedlagt for ei god stund sidan og handelslagjet drivast med god hjelp av dugnad. Ikkje mange på øya hugsar sist det var teater på besøk. Det som skjedde i går, føltes difor så fantastisk. For det er vilje på Fjørtofta, og tru. I går avslutta vi turnéen vår med Teatret Vårt og bragte "Hit eit steg" heim, heim til øya der både farsslekta mi og Ingebrigt Davik kjem frå. Med 50 billettar i førehandssal var eg allereie lykkeleg over at over 50% av øyas befolkning ville vere representert, men det stoppa ikkje der. Heile 106 publikummarar møtte opp! Og det som kan virke smått andre stader, vert så utruleg stort på øya, der dette tilsvarer meir enn heile befolkninga! Reint høgtideleg føltes det, då vi gjekk på scena. Og då applausen slapp seg laus på slutten av stykket og Borghild frå styret på samfunnshuset kom opp og gav oss kvar vår nyfiska hummer, og haldt takketale på vegne av alle frammøtte, ja då var det ikkje lett å halde tårane tilbake. Takk for at de kom til oss, sa ho. Dette lev vi lenge på! Og det kjem eg og til å gjere! Det er ikkje ofte ein får føle så sterkt på kor viktig det er med desse møta vi får gjennom kulturen, det er noko eg unner alle, både utøvarar og publikumarar, i bygd og by, på øy og fjell. I går dirra det i veggane på samfunnshuset på Fjørtofta, og det dirrar framleis i meg. Takk til Vera, Sindre og resten av Teatret Vårt som sa ja til å besøke øya, takk til Ingrid og Toivo, takk til familien Davik, og takk til deg Fjørtofta, tusen takk!

Hit eit steg i Periskop
Oktober 2021
Eit år og ein dag etter premieren vår, slår Periskop - Kritikk av kunst for barn og unge til med dette!!! Her får Maja Sievers Skanding fram grunntanken til heile prosjektet. Ekstra kjekt er det også at ho trekk frem viktigheita av å kunne føle seg representert, gjennom god geografisk spredning i formidling av historiar til barn og unge. Det er stor stas å få bli kalt kystkulturens stemme
Vi rullar vidare med Teatret Vårt denne veka!

Ny runde med Teatret Vårt!
september/oktober 2021
Når tankane om skulen vert for store er det godt å kunne ta ei ferd ned til den underlege verda langt nedpå havbotnen, kor Flyndre-Fanten og sjølvaste Krabbe-Krølle bur. Hit eit steg - ei musikalsk framsyning frå Ingebrigt Davik sitt univers - kan opplevast på Arbeideren kulturhus og på turné rundt omkring i fylket frå 25.9 - 9.10. Sjå speleplan https://www.teatretvart.no/program/hit-eit-steg/

Områdesatsing i Bergen
September 2021
Dette året har vi i Eventyr i Parken samarbeidet med alle Bergen kommunes områdesatsinger. Det har vært flott å kunne bidra med vårt tilbud inn i områdesatsingen, som er et av flere viktige innsatsområder i arbeidet med å bidra til mer velferd og utjevne levekårsforskjeller i Bergen. Vi har tatt i bruk barnas nærområde og spilt vårt interaktive vandreteater om "Reveenka". Her får barna et brev fra Mikkel Rev som spør om hjelp på friarferden sin, og noen dager etter at brevet har kommet, dukker Mikkel Rev opp i barnehagen for å få barnas hjelp til å vinne Reveenkas hjerte. Mandag og tirsdag denne uken, rundet vi av med 6 forestillinger for barn i Indre Laksevåg

Turné med Det Vestnorske Teateret
September 2021
Tusen takk til Det Vestnorske Teateret, Folkeakademiet Hordaland og Strilabiblioteket, for at vi i tre veker no har fått dra rundt omkring med "Hit eit steg" og møte herlege publikumarar! Vi har fått så mange fine augeblikk, blitt godt varta opp, og har også fått vite litt av kvart frå ivrige publikummarar som har gode råd til hovudkarakteren Kaia om det å starte på skulen. Det er stort å få bringe kultur dit folk bur

Bergens Beste Barneopplevelse
August 2021
For en overraskelse! Og for en ære! Vårt lille teaterkompani "Eventyr i Parken" har blitt nominert til Bergens Beste Barneopplevelse!
Er så stolt av denne gjengen som står på og jobber hardt for å gi unike teateropplevelser til barn og unge. Stem gjerne på oss: https://www.bt.no/bergensbeste/stem/barneopplevelse

Teatergøy - sommerskole
Juli/august 2021
Enda en flott uke med «Teatergøy» på Cornerteateret er vel overstått! 12 teaterspirer strålte på avslutningsforestillingen sin. Tusen takk til Bergen kommune for muligheten til å gjennomføre dette, og Vestlandske Teatersenter for samarbeidet. Takker også Janne, Thomas og Jan for flott samarbeid
Neste uke er vi klare for siste runde med fullbooket kurs.
(Bilder tatt med tillatelse)

Trolljakt med Askeladden
Juli 2021
Dette var gøy! Er så stolt av denne gjengen som har stått på morgen og kveld de siste dagene, for å klargjøre premieren av TROLLJAKT med Askeladden, i Eidfjord. Nå spiller vi denne og neste helg, velkommen til Eidfjord!

DKS Austevoll- teaterkurs
Juni 2021
Tusen takk til DKS i Austevoll kommune og Mandana Zadeh for spanande oppdrag! No har alle sjetteklassingar på Austevoll fått innføring i teater og scenekamp! Det er så flott å få reise rundt og dele tips og triks!

Festspillene i Bergen
Juni 2021
Flott dag på jobb med Eventyr i Parken på Festspillene i Bergen!

Barnehageturné i Vestfold og Telemark
Mai 2021
Tusen takk til Vestfold og Telemark fylkeskommune for at vi fekk dra på barnehageturné med "Hit eit steg"! Stor stas å få møte sprudlande, forventningsfulle førskuleborn!

Tilbake til Det Vestnorske Teateret
Mai 2021
"Hit eit steg" er klar for heimebane igjen! Vi gler oss til å spele på Det Vestnorske Teateret no i mai!

Klar for festspillene i Bergen
Mai 2021
6.juni er vi i "Eventyr i Parken" på å arrangere "Familiedag på Siljustøl" under
I komponistens naturparadis vil du oppleve historiske, mytiske og mystiske vesener når velkjent folklore og ukjente absurditeter fyller skogen og parken. Forunderlige skapninger, som vanligvis er umulige å få øye på, venter i eventyrskogen.
Turen varer i rundt 40 minutter og må forhåndsbestilles. Gratisbilletter ligger ute nå! Det er begrenset antall plasser, så vi anbefaler å være raskt ute.

Takk for meg Vestlandske Teatersenter!
Mai 2021
Premieredag. I dag skulle teatergruppa mi på Vestlandske Teatersenter endeleg stå på scena og vise det nye teaterstykket sitt. I eit heilt skuleår har vi jobba på, eg har sprita ned elevane i døra, dei har stått på teipa kryss på gulvet, hatt 1- meters avstands improvisasjon. Det har vore digital undervisning, elevar inn og ut av karantene, og såpass mykje kontakt med føresette at det føles som om eg har hatt mitt eige nyheitsbrev. Vi har heile tida vore forberedt på at premieren kanskje kom til å bli uten publikum, men at det heilt i innspurten skulle bli forbudt med all innendørs fritidsaktivitet for barn og unge, var ein noko uventa vri.
Men, premiere skal det bli, takka vere sporty tenåringar og multikunstnar Thomas B. Brandt har vi kasta oss rundt og no blir heile teaterstykket om til film. Ein naturdokumentar om den merkelege arten: "Norsk ungdom".
Eg er takknemleg for å ha fått vere instruktøren til denne herlege gjengen, og har så stor respekt for alle andre lærarar, trenarar og instruktørar der ute, som kvar dag må snu om på alt, og gjere sitt beste for at dei unge skal få ha ein så god kvardag som mogleg.

Davik familien på nypremiere
Mars 2021
"Hit eit steg" turnéen med Teatret Vårt er godt i gong, vi har møtt på så mange fine publikummarar. Ekstra stas var det på premieredagen, då sjølvaste familien Davik kom!
Sunnmørsposten laga ei kjempefin sak om det:

Hit eit steg, på "heimebane"
Mars 2021
Takk til avisa Nordre for ein flott sak om "Hit eit steg", sveler, utstoppa fugler og Krabbe-Krølle jakt<3

Hit eit steg til Teatret Vårt!
Februar 2021
Dette er så utruleg stas: Slekt og venner i Møre og Romsdal, i mars og april kjem vi! «Hit eit steg» drar på turné med Teatret Vårt, og får ha nypremiere på sjølvaste Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg!
Tusen takk til Vera Krohn Svaleng og Teatret Vårt for at vi får bringe stykket vårt til sjølvaste Davik- land🦀
Takk også til Det Vestnorske Teateret, Teaterforlaget Songbird / Songbird Agency, Kulturrådet, Wrap, Norsk Skuespillerforbund- fond for frilansere og Thomas B. Brandt, som har vore med på å gjere dette mogleg❤️

Kunstnaropphald på Leveld kunstnartun
Januar 2021
Tusen takk til Leveld Kunstnartun for eit herleg kunstnaropphald i januar! Det var så kjekt å få gi noko tilbake forrige helg: sjølvaste «Reveenka», i ekte vinterdrakt. Så var vandreteater i lårdyp snø og minusgrader testa også. Takk til alle som vart med på eventyr, og Nordbygdene barnehage og skule som bidrog som prøvepublikum! Sjekk ut Leveld Kunstnartun, ein kjempeflott stad, for både publikum og kunstnarsjeler.

Kunstnaropphald på Jakob Sande tunet
November 2020
Etter eit herleg kunstnaropphald i Dale, gjer eg og Ivar oss klare for haustsalong på Jakob Sande-senter for forteljekunst på søndag. Velkommen inn i haustmørket for litt språkprat, identitetsfundering og suppe - laga av Lina sjølv, som det reklamerast så fint for her. Takk for meg Dale, det har vore så fint å få vere her. Her ligg ein liten film med kvardagsdikt og augeblikk frå mitt opphald her.

Hit eit steg
Oktober 2020
HURRA!!! "Hit eit steg" fekk fem hjerter i BT<3 Tusen takk for supert samarbeid Toivo Fjose og Ingrid Askvik! Og takk til Solrun Toft Iversen for dine opne armar og tru på prosjektet, og Tina Horrisland Engedal for at du har vore der med all din positivitet og varme, sjølv i desse uforutsigbare tider. Og Thomas B. Brandt då, som har stått for både promofilm, og gode ord i heimen, når tankane rundt kva eg no hadde begitt meg ut på storma som verst. Det har vore mykje grugleding, men no er vi der endeleg. Gler meg til å spele vidare på Det Vestnorske Teateret!

Samarbeid med Det Vestnorske Teateret
Mai 2020
No vert det Krabbe-Krølle action og Fjørtoftsdramatikk! Endeleg er haustprogrammet til Det Vestnorske Teateret ute, og eg er så stolt over å få vere ein del av det! Dei siste månadene har eg gjort eit djupdykk i sjølvaste Ingebrigt Daviks viser og tekster og satt saman teaterkonserten: "Hit eit steg", ei framsyning om første skuledag. Tusen takk til komponist og supermusiker Toivo Fjose som er så positiv til alle mine småsprø innfall og godeste Ingrid Askvik som hoppa i det som regissør og får fram så mykje gøy og spanande i Daviks verk. Takk også til Wrap som har gjort sitt beste for å halde opent i det siste så vi fekk gjennomført forprosjektet vårt, og Kulturrådet som slår til og støtter endå eit av prosjekta mine. Gler meg til å vere ein del av hausten på Det Vestnorske Teateret og løfte fram Daviks univers.
Heile programmet finn du her:
https://www.detvestnorsketeateret.no/presse/pressemeldinger/haustprogrammet-er-ute/

Digitalt vandreteater
April 2020
Korleis nå ut til publikum når ein ikkje kan møtast fysisk? Vi i "Eventyr i Parken" har hoppa i det og tester ut digitalt, livestreamet, interaktivt vandreteater- jadda! Publikum kan påvirke handlinga ved å kommentere undervegs. Vi har hatt to visningar til no, som gjekk overraskande bra, vi testar vidare og gjer vårt beste for å gje eit påfyll i kvardagen til vårt gode publikum.

Forprosjektstøtte fra Kulturrådet
Mars 2020
"Rita Løvetannhjarte" fekk forprosjektstøtte frå Kulturrådet! Dette kjem så godt med og gir eit godt dytt i retning endeleg premiere. Rita hadde forprosjektsvisning under Frontlosjefestivalen 20.februar 2020, og vart omtala på scenekunst.no : "Arbeidsvisningen av skuespiller Lina Taule Fjørtofts forestilling Rita Løvetannhjarte på festivalens første dag, illustrerte blant annet at det er spennende ting på gang i barneteaterfeltet i Bergen hva gjelder å skape helt nye fortellinger om vanskelige temaer."
Les meir om fransyninga her: https://frontlosjen.com/frontlosjefestivalen/program-2020/rita-lovetannhjarte-ufo/

Dramatiker på Den Nationale Scene
Desember 2019
Var nokså spent da jeg i sommer ble ringt opp og spurt om å utvikle og spille høstens tilbud for 3-6åringer på Den Nationale Scene. Nå er 22 forestillinger av «På eventyr med Octavia- lag teater med husspøkelset vårt» vel overstått. Tusen takk for tilliten! Takk også til Den kulturelle Bæremeisen som har bidratt slik at tilbudet kunne gis gratis til Bergens barnehager. Det har vært så fint å kunne starte dagen sammen med alle morgenfuglkollegaer på teateret. På med sminke og parykk kl.7, rigge opp, varme opp og være klar til forestilling 9:30. Hver dag; en gjeng med nye små, spente, ivrige eventyrere, klare for å oppdage teaterets verden. En herlig og ærlig gjeng, med masse fantasi og spilleglede. Sammen har vi improvisert, gjort teaterøvelser, utforsket, spøkt og blitt kjent med alt fra lavamonstere, rødøyde zombietroll fra Ulriken og en kakespisende Ludvig Holberg. Et herlig univers og et teaterhus jeg har blitt så glad i.
Og når en 5-åring i siste gruppe med publikummere sier: «Nå skal vi skyndte oss hjem for å lage mer teater - vi skal aldri glemme deg.» Da sier jeg meg godt fornøyd med høstens innsats

Home alone på DNS
November 2019
Kaster meg i det og blir med på "Home alone" på Den Nationale Scene. Over engen satser stort, og jeg har fått rollen som selveste tarantella!

Finsk debut
September 2019
Da har vi faktisk debutert i Finland! Med åpningsforestilling under Lahti Fringe Festival 2019 for fullsatt sal. 3-6 åringene i Lahti fikk bli kjent med den lille Isbjørnen Bjørnis og hans frykt for merkelige røde prikker, mageknip og fabrikksjefer som lager mer av det vi allerede har. Som gave fikk Bjørnis med seg flotte små flaskepostbrev med viktige tanker. Til helgen spiller vi på hjemmebane! Kl.13 lørdag og søndag på Bergen Fringe Festival 2019 på Cornerteateret. Gleder meg! Tusen takk Haflidi, Jan og Julie, for at dere er med på å gjøre dette mulig! Og Kvitøya Forlag, Bergen kommune, Norsk skuespillerforbund og Kulturrådet også!

Arendalsuka
August 2019
Stas å få være på konferansieroppdrag på Arendalsuka Ung for Kulturtanken, UKM og Norsk kulturskoleråd. Det ble en flott festforestilling i forbindelse med den kommende kulturmeldingen for barn og unge, hvor barn og unges egne meninger om fremtidens kulturNorge ble løftet frem.

Maskeworkshop med Familie Flöz
Juli 2019
Back in Bergen after two wonderful weeks with Familie Flöz in San Giusto, Italy.
It´s been a great pleasure to get to know your magic world of masks!
Great workshop, people, food, donkeys, and stay in the 12th century monastery
Thank you<3

Mono- monologkveld på Hordaland Teater
Mai 2019
Tusen takk til alle som kom på vårt første opne arrangement, MONO, på Hordaland Teater forrige veke! Og tusen takk til den sporty gjengen som heiv seg rundt, og vart med på pilotprosjektet vårt. Dette var skikkeleg stas og eg er så glad for at det går an å få til slike samarbeid blant oss teatermenneske på Vestlandet.
Gladnyheit er det også at kulturrådet no har innvilga støtte til endå fleire Mono prosjekt! Dette ser vi fram til.

Vitenshowkurs for VilVite
Februar 2019
"Velkommen til vårt vitenshow!" Barna som deltok på Vitenshowkurs i dag, lærte mange små eksperimenter. Med latter og stor innlevelse holdt de til slutt show for hverandre. Kjekt med kurs på VilVite!

Fnugg Teater i Stikkordet
Januar 2019
Takk til Norsk Skuespillerforbund som tek tak i miljø og klima som tema i denne utgåva av medlemsbladet sitt "Stikkordet". Kjekt å få dele nokre tankar om korleis kunstnarar kan ta tak i dette store temaet og om korleis vi arbeider med dette i Fnugg Teater
.

Ferdig på Norges Musikkhøgskole
Januar 2019
Da var vi ferdig med siste skoledag på Norges musikkhøgskole! Tusen takk for et superinspirerende halvår på videreutdanning i kulturelt entreprenørskap, ledet av dyktige Lisbeth Wathne Svinø. Anbefales!

Hasteovertakelse i Kardemommeby!
Januar 2019
Det gikk! Nå har jeg fått testet det også. Bli spurt om å overta rollene mandagskveld og så spille forestilling i dag. Overtakelse i «Folk og røvere i Kardemommeby» på Den Nationale Scene. Tusen takk for god hjelp fra alle på og bak scenen! #pølsemaker #trikkefører #tutogkøyr

Drømmestipendet
Desember 2018
2011 var eg så heldig å få Drømmestipendet, eit stipend som førte til at eg fekk invitere min kjære teaterlærer Sissel Ruste til Nationaltheatret for å sjå meg opptre med ein eigenskriven monolog, eg dro til London på teaterkurs, og eg vart omtala i BT og oppdaga av VilVite- der eg framleis er ansatt den dag i dag. Drømmestipendet gav meg trua på draumen og eit dytt i den retninga eg ønskte å gå. Det er ei stor ære å for andre året på rad blir spurt om å vere ein del av fagjuryen i teater. Ein jobb som på ingen måte er enkel, men som gir meg så mykje inspirasjon og glede. No er det opna for å søke Drømmestipendet 2019, er du, eller kjenner du nokon unge kulturutøvarar født 1999-2006? Musikk, dans, skapande skriving, teater, sirkus, visuell kunst, anna? Enkeltpersonar eller grupper. Beløpet er heva til 15000kr, og 100 stipend er klare for å oppfylle draumar- små eller store. Gå inn på: drommestipendet.no, og søk Det er så mange flotte og viktige draumar der ute som fortener å bli høyrt, eg ønskjer meg ein så vanskeleg jobb som mogleg!

Lørdagsteateret, premiere med de små!
November 2018
I dag glitret det ekstra på Cornerteateret. Litt fordi glitterboksen vår veltet og farget både mennesker og gulv, men mest fordi 3-7åringene jeg har vært teaterinstruktør for i høst hadde premiere på «Sirkus Pirkus». Veldig gøy å se de små kjøre på og få sitt første møte med scenelyset

Eventyrlig Hakkebakke!
Juli 2018
Wuhu! Utsolgt premierehelg og Innherred sender ut Hakkebakkevarsel til alle barn. Trønderavisa skriver også flott om den friske skogsforestilingen vår Velkommen til skogs!

SKUDA
Mai 2018
Tusen takk for et utrolig givende år som adept hos dere SKUDA!

Heim 4 på Det Vestnorske Teateret
Februar 2022
Eg gler meg til å få ta over for sjølvaste Reidun Melvær Berge, i "Heim 4" på Det Vestnorske Teateret. Og for ein gjeng eg skal få jobbe med, både på og bak scena. Dei siste vekene har dei stått på for å klare å gjennomføre framsyningar til trass for usikre tider på covid fronten, og eg har fulgt med så godt eg har kunna i kulissane. Med nye versjonar og personar, inspisientar som stadig må sende nye utkast på prøveplanar og ei trygg, positiv og omstillingsdyktig regissør i Solrun Toft Iversen, som sjølv også trår til og stiller opp i kvar ei rolle som skulle mangle på prøver.
Her vert det Britney, Spice girls, Ronny Bruvik, humor og alvor:)
Billettar og info finnast her: https://www.detvestnorsketeateret.no/pa-scenen/heim/
Eg speler frå 4.-26.mars (bortsett frå laurdag 12.03)
Velkommen Heim!

Julegøy på Den Nationale Scene
Desember 2017
Om en uke braker det løs på Lillescene på DNS! Vi tester: "dinner show", med en helt egen vri. Bli med på en småsprø, magisk og absolutt overraskende kveld. Det er få plasser, så løp og kjøp:) Velkommen, velkommen!

Historien om et mord
November 2017
Da var siste forestilling av «Historien om et mord» vel overstått! Det har vært så kjekt å få sjansen til å bli kjent med enda flere gode kollegaer både på og bak scenen og dele denne småsprø, lærerike, intense og gøyale reisen! Tusen takk til alle på DNS for at jeg alltid føler meg så velkommen hos dere We did it!

Workshop with NIE
Juni 2017
I've had a wonderful week at NIEs masterclass in the tiny Czech village Mseno. Theatre, playfulness and a bunch of lovely people.

Guilty pleasure
Juni 2017
Tusen, tusen takk for alle fine ord og hilsener på bursdagen min! Det varmer så mye! Dagen ble feiret på best mulig vis med familie, venner, og fantastiske kollegaer på DNS. Klarer enda ikke å ta helt innover meg at en fullsatt sal sang bursdagssang for meg mens jeg stod der utkledd som Conchita Wurst, etter å ha sunget "Rise like a phoenix" med både gullkjole, skjegg og vindmaskin. En uforglemmelig pangstart på året som 24-åring

Engler over Møhlenpris
April 2017
I kveld er det premiere og vi får endelig delt Bamses flotte univers og fantastiske musikk med resten av verden! Det er så kjekt å få være en del av dette ensemblet, med kjempedyktige folk både på og bak scenen

Premiere på Akershus Teater
Mars 2017
På plass i Oslo og klar for "Trufilotten" premiere! I morgen skal Vilde og Cengiz
rocke løs på scenen, mens jeg skal sitte ekstra spent og se på etter å ha fulgt innspurten av prosessen over nett mellom prøver på DNS. Takk til fantastiske dramaturg Ragnhild Mærli for god hjelp hele veien og til hele Akershus Teater for all hjelp og støtte, og den uvurderlige læringsprosessen vi har fått humpe oss gjennom. Dere er en herlig gjeng som har hatt troen på oss, selv når vi har famlet rundt i Trufilott-tåke. Jeg er så glad for at dere vil ha "Trufilotten" på repertoaret i 2år, nå skal alle barn i Akershus Trufilottiseres! Velkommen til premiere kl.12 og 14 i morgen

Debut på Den Nationale Scene
Oktober 2016
29.november får jeg æren av å debutere i hjembyen min på Den Nationale Scene! Jeg har fått sjansen til å overta rollen Hodel i "Spellemann på taket" og skal spille ut resten av perioden med siste forestilling på nyttårsaften. Tusen takk for at dere har tro på meg og takk til alle mine gode hjelpere og medskuespillere som legger til rette for å gjøre overtagelsen så god som mulig. Dette har vært en stor drøm for meg lenge og jeg er så glad for å få denne sjansen!

Gjestelærer for fordypningsklassen på Bergen kulturskole
September 2016
I høst er eg så heldig å få være gjestelærer hos denne herlige gjengen i talentklassen i teater på Bergen kulturskole! Fremtidens stjerneskudd fra Bergen her altså, og no kan de heldigvis også sin Lecoq

Endelig utdannet skuespiller og teaterprodusent!
Juni 2016
Så kom endelig dagen! Eksamen er levert og eg er ferdig utdannet skuespiller på bursdagen minEg har hatt tre utrolig lærerike, utfordrende og givende år på Teaterhøgskolen i Nord-Trøndelag! Det hele ble avsluttet med en reise for livet sammen med min kjære klasse og en forestilling med det viktige budskapet: "hvert menneske har en verdi, det må vi aldri glemme". Eg har fått så mange nye venner på skolen og i Verdal ellers, tusen takk til alle som har gjort dette mulig!!
Kontakt
