top of page

TEATER

IMG_1461-3.png

RITA LØVETANNHJARTE

Vi har det fint
Vi har jo det
Vi smiler og ler
Vi snakkar om kjærleik, studiar, lån og pengar
Vi snakkar om slemme sjefar, vanskelege situasjonar på jobb
Vi snakkar om vêret, mat og turar
Vi har det fint

Rita Løvetannhjarte er historia om det å berre ville ha det fint. Om det å ville vere heilt som alle andre. Ei historie som på ingen måte treng å handle om nokon ting spesielt.

Men noko skjult skurrar.

Dette er også historia om det å vere lita og ville forstå, om store øyre som får med seg bruddstykke av det som skjer. Ei historie om tida der du plutseleg får plass ved vaksenbordet og får fri tilgong på nye versjonar av ditt eige ukjente liv.
Dette er historia om før og no, og frykta og håpet for kva som kjem. Ei historie om minnenes kraft i forvirrande tider og stega ein helst ikkje vil ta for å forstå verda rundt seg, og ikkje minst- seg sjølv.

Framsyninga er eit samarbeid med Blå Kors Kompasset og eit ynskje om å belyse deira arbeid.

Idé, manus, skodespelar: Lina Taule Fjørtoft
Dramaturgi og regi: Ingrid Askvik
Komponist og musikar: Bodil Lunde Rørtveit
Lys og scenografi: Jan Neal Holden
Mentor: Aslak Moe
Takk til: Frontlosjefestivalen, Blå Kors Kompasset
Støtta av: Bergen kommune, Fritt ord, Bergesenstiftinga, Norsk kulturråd, Proscen

bilde-3-003.jpeg

HIT EIT STEG

«Hit eit steg» er ei musikalsk framsyning om det å vente, glede, grue og undre.


Vi får bli kjent med Kaia som er på veg til skulen, for aller, aller fyrste gong. Ho har venta så frykteleg lenge og endeleg er dagen her. Alt er pakka og klart, det har ho sjekka minst ti tusen gonger. Kaia trippar både hit og dit langs skulevegen sin og møter både Måse-Mons, Måse-Mor og Vevekjerringa. Og når tankane om skulen vert for store er det godt å kunne ta ein ferd ned til den underlege verda langt nedpå havbotnen, kor Flyndre-Fanten og sjølvaste Krabbe-Krølle bur. 

Kva betyr det eigentleg å begynne på skulen? Kva er det ein skal lære der inne? Kanskje ein skal lære å fly? Eller må ein berre sitte der inne og vere stille heilt til ein vert vaksen? Bli med på Kaias ferd, skal tru om ho kjem seg til skulen.


Framsyninga er basert på Ingebrigt Daviks fargerike univers.

Regi og dramaturgi: Ingrid Askvik
Manus: Lina Taule Fjørtoft
Skodespelar: Lina Taule Fjørtoft
Musiker og arrangør: Toivo Fjose
Produsent: Lina Taule Fjørtoft

Foto og film: Thomas B. Brandt

Passar frå 4 år og oppover. 
Varigheit: ca.45 minuttar


Produksjonen er utvikla i samarbeid med Det Vestnorske Teateret, og støtta av Kulturrådet Norsk kulturfond og Norsk skodespelarforbund.

Produsert etter ein avtale med: Songbird Agency / Teaterforlaget Songbird AS  www.songbirdteater.com

IMG_9305.jpg

EVENTYR I PARKEN

Eventyr i Parken er eit teaterkompani som  jobbar for å skape unike utandørs kulturopplevingar for små og store . Vår hovudbase er i Nygårdsparken, men vi drar også gjerne på eventyr på gatemarked, festivalar, i skoger og andre stader vi endå ikkje har oppdaga. Kompaniet speler jamlege vandreteater og har sidan oppstarten i 2018 produsert ei rekke framsyningar.

Kompaniet består av Lina Taule Fjørtoft, Stine Revheim Svellingen  og Thomas B. Brandt, som alle har ulik bakgrunn innanfor kultur og underholdningsbransjen.

Lina bidreg som skodespelar, manusutviklar og produsent.

83220773_10215516655137255_3195045898279

SCI:STAGE

Lina vart plukka ut til å vere norsk representant i dette internasjonale samarbeidet mellom vitensentere og teatermenneske frå Island, Estland, Sverige og Norge. I prosjektet vart det jobba med å utforske korleis ein kan kombinere vitenskap og teater, det heile skal ende opp i eit digitalt, interaktiv høyrespel med fokus på FNS bærekraftsmål om livet i havet. Prosjektet vart ferdigstilt våren 2022.

pa%C3%8C%C2%8A_eventyr_med_Octavia_2_edited.jpg

PÅ EVENTYR  MED OCTAVIA

Lina vart kontakta våren 2019 av Den Nationale Scene for å lage eit nytt interaktivt og medvirkande vandreteater om spøkelset Octavia. I samarbeid med dramaturg Åste Marie Bjerke vart stykket utvikla og deretter vist i teaterets krikar og kroker for 20 barnehager hausten 2019.

Octavia vil så gjerne lage teater, men det er ikkje så enkelt når du er usynleg. Kanskje dei, som fortsatt er så unge at dei har fantasiens kraft kan hjelpe ho?

Basert på karakteren og vandreteateret utvikla av Vibeke Flesland Havre. 

img_1307henri uotila 2.JPG

BJØRNIS OG DE RØDE PRIKKENE

Ein produksjon av og med Fnugg Teater basert på boka ved samme namn skrevet av Sofie Cappelen. Framsyninga hadde premiere september 2019, og har etter dette blitt spilt i både inn- og utland. 

På toppen av jorda, i isbjørnparadis, bur den vesle isbjørnen Bjørnis saman med seler, ismåser, nordlys og snøkrystallar. Men, ein dag får Bjørnis vondt i magen. Og på nattehimmelen dansar raude prikkar han aldri har sett før. Kor kjem desse raude prikkane frå, klarar Bjørnis å bli kvitt dei? Bli med på ei reise til det fine, mystiske nord, der det er så kaldt at sjølv orda rimar.

Lina har vore produsent, skodespelar, manusutviklar og medskaper. 

69742049_2509747045714488_43984993724556

BREV TIL GUD

Hausten 2019

Ei framsyning om kvinner som blir tatt til fange i krig. 

Den IS arresterer Leyla, ei kjent kvinnelig skuodespelar i Mosul. Etter tortur og valdtekt vaknar ho til bevisstheit og gjenkjenner sin gamle arbeidssstad

Gjennom minnene frå teateret og tekståne frå dei store klassiske drama, held Leyla håpet levande. Leyla er  Yezidi, men i møte med sin kristne medfange er ingenting viktigare enn å halde livsviljen oppe hos dei begge.

regissør: Sadik Aziz Bawan 

2018_Folk_og_Rovere_i_Kardemomme_by_Magn

FOLK OG RØVERE I KARDEMOMMEBY

Januar - april 2019

Den Nationale Scene

Av: Thorbjørn Egner

 Regissør: Linn Olsen 

Scenograf: Silje Sandodden Kise  

Kostymedesigner: Nell Knudsen Lysdesigner: Rune Kjelby

Musikalsk ansvarlig: Helge Lilletvedt

 Dramaturg: Åste Marie Bjerke

Lina hadde rollen som pølsemaker og trikkefører Syversen. 

Mer info

hakkebakkeskogen_forestilling-10.jpg

DYRENE I HAKKEBAKKESKOGEN

Av: Thorbjørn Egner

Musikk av: Christian Hartmann og Thorbjørn Egner

Produsent: Lyng kulturgård

Kunstnerisk ansvarlig: Mathias Melsæter Rydjord

Musikalsk ansvarlig: Kristoffer Hjulstad

Scenografi: Kristoffer Hjulstad og Mathias Melsæter Rydjord Dekor/rekvisitt: Helga Haga og Lina Taule Fjørtoft

Kostymeansvarlig: Bodil Kolset

Maskeansvarlig: Helga Haga

Regikonsulent: Erlend Rødal Vikhagen

Produksjonsleder: Helga Haga

Prod.ass: Lina Taule Fjørtoft


Ei utandørs oppsetting i skogen på Lyng kulturgård på Stiklestad. Skodespelarane har sjølv vore med på å snekre og styre heile den kunstneriske prosessen.


Stykket vart spelt sommaren 2018 og sommaren 2019. 

Lina var aktuell som Morten Skogmus og Bakarguten.

22528342_10155828318710859_3233749588640

HISTORIEN OM ET MORD

Av: Jorun Thørring

Regissør: Rita Abrahamsen

Scenograf og kostymedesigner: Åse Hegrenes

Dramaturger: Vera Krohn-Svaleng og Morten Kjerstad

Ein krimkomedie på Den Nationale Scene som hadde fem premierar i løpet av hausten 2017: 

Episode 1: Urpremiere 28. oktober 

Episode 2: Urpremiere 4. november

Episode 3: Urpremiere 11. november

Episode 4: Urpremiere 18. november

Episodemaraton: 25.november

Kvar episode vart øvd inn med 4-5 dagers prøvetid, og vart spelt deretter etter beste evne, med innslag av impro undervegs. 

Lina var aktuell som Ragnhild, frisør, Lena, Jørgen og forteljar. 

Meir info her.

2017_Engler_over_Mohlenpris_Magnus_Skred

ENGLER OVER MØHLENPRIS

Av: Bjørn Willberg Andersen

Komponist: Bjørn Willberg Andersen

Regissør: Bjørn Ravn Carlsen

Scenograf og kostymedesigner: Bård Lie Thorbjørnsen

Koreograf: Camilla Råkil Andersen

Lysdesigner: Anne Bergendahl

Dramaturg: Solrun Toft Iversen

Musikalsk ansvarlig: Helge Lilletvedt

Foto: Magnus Skrede

Musikkteateret hadde urpremiere 28.april 2017 i Teaterkjelleren på Den Nationale Scene og vart spelt fram til 23.august 2017. Lina hadde rolla som studenten Sara og som Engelen. Les meir om stykket her: 

Trufilotten_2019_LarsOpstad_261-2.jpg

TRUFILOTTEN

Vår 2017


Ein Co- produksjon mellom Akershus Teater, Globus Teater og Lina Taule Fjørtoft

Ei framsyning om det å vere annleis, og kva ein kan lære av kvarandres ulikheiter. 

Framsyninga har turnert i DKS og gjesta ei rekke stader som bl.a. Teater ibsen, Haugesund Teater og Kilden.

MS_DNS_Spell-7919.jpg

SPELLEMANN PÅ TAKET

Av: Joseph Stein, Sheldon Harnick og Jerry Bock

Oversetter: Svein Sturla Hungnes

Regissør: Svein Sturla Hungnes

Scenograf: Siri Langdalen

Musikalsk ansvarlig: Petter Sørlie Kragstad

Kostymedesigner: Christina Lovery

Lysdesigner: Arne Kambestad

Koreograf: André Danielsen

Komponist: Jerry Bock

Dramaturg: Solrun Toft Iversen

Kapellmester: Jan Kåre Hystad

Musikalen vart satt opp på hovudscena på Den Nationale Scene hausten 2016. Lina tok over for Malin Soli og spelte 24 framsyningar i rolla som Hodel, den nest eldste av Tevjes døtre, i november/desember 2016.  

Anmeldelser: her

Les meir om framsyninga her

Bilde1_edited_edited.jpg

FRIDA OG PROFESSOR VINTER

Framsyninga vant NM i vitenshow i 2015, og har blitt vist ved vitskapssenteret VilVite juni 2015 og haustferien 2016. Framsyninga vart også vist på "barneuniversitetet" på unversitetet i Bergen hausten 2015.  Framsyninga har turnert i DKS Bergen  2017 og 2018.


Rolle: Frida

Eigenprodusert

Ambassadøren_JohannesLFSunde-150.jpg

AMBASSADØREN

Linas avgongsframsyning på Teaterhøgskolen i Nord-Trøndelag. Framsyinga vart spelt på GAM i Santiago Chile, festspela i Bergen og på teaterhøgskolen i Nord-Trøndeag våren 2016

Regi: Rodrigo Malbrán

Dramatikar: Andrea Gutiérrez


Roller: Advokat Veronica Reyna, Frode Nilsens borneborn.

theambassadorsite.wordpress.com

Foto: Johannes Laukeland Fester Sunde

Skjermbilde 2020-03-26 kl. 22.05.09.png

TOLVSKILLINGSOPERAEN

Ein forkorta og bearbeida versjon av tolvskillingsoperaen under leiing av pedagogar frå den tyske teaterskulen Ernst Busch academy of dramatic arts, hausten 2015 på Teaterhøgskolen i Nord-Trøndelag.


Regi; Margarete Schuler

Roller: Forteljar og Polly



Foto: Ole Johan Ranmfjord

Skjermbilde 2020-03-26 kl. 22.14.18.png

SPELET OM HEILAG OLAV

Noregs største og eldste spel utandørs på Stiklestad. Lina var med sommaren 2014
Regi: Marit Moum Aune
Rolle: Dansar, bonde og hærfolk

Skjermbilde 2020-03-26 kl. 22.17.13.png

SABINA

Ei framsyning fritt basert etter Kerstin Perskis manus " Navn: Spielrein Sabina" og Karsten Alnæs sin roman "Sabina Spielrein". Stykket visar forteljinga om den jødiske kvinna Sabina Spielrein som utvikla mange av teoriane innanfor psykoanalyse som Jung og Freud fekk æra for. Vår 2013

Regi: Tore Østvang
Rolle: Sabina Spielrein

Skjermbilde 2020-03-26 kl. 22.19.13.png

FRESNEL

Eit teaterprosjekt i fyrtårnet på Andenes på Andøya. Lyset vart satt først, så vart skodespelarane inspirert av lyset og skapte saman eit vandreteater i fyrtårnet. Våren 2013. 

Prosjektleiar: Nikoline Spjelkavik

Rolle: medskapar og skodespelar

prosjektfresnel.wordpress.com

Skjermbilde 2020-03-26 kl. 22.44.22.png

DRØMMER TIL TUSEN

Drømmestipendets 10års jubileum på Chsristiana teater. 

Rolle: Konferansier og skodeseplar.

bottom of page