Frida og Professor Vinter

Vitenshow: Frida og Professor Vinter

 

Opplev vinnarane av NM i vitenshow 2015 og møt Frida og Professor Vinter. 
 

 

Vil barna i Bergen vite kva snø er i framtida?

 

Frida har aldri sett snø i heile sitt liv. Ho er 10 år og lever i Bergen i 2050.  Ein dag oppdagar ho at klimaet ikkje alltid har vore som det er no, at dei hadde noko som heit "vinter" og "snø" før. Fridas største ønske er å få oppleve dei kalde kvite flaka komme dalande ned frå himmelen. Får ho ønsket sitt oppfylt? Bli med når Frida møte den merkelege professor Vinter. Sjå spanande eksperiment og lær meir om klimaet vårt!


Vitenshowet «Frida og professor Vinter» vann førsteprisen under NM i vitenshow på VilVite våren 2015. 

Showet er av og med Haflidi Arnar Haflidason og Lina Taule Fjørtoft.

 

Varigheit ca.30min

 

 

- Showet vart spelt på VilVite i juni 2015.

- 8.september 2015 var showet ein del av Universitetet i Bergen sitt "Barne universitet" og vart spelt i den nye aulaen for 300 sjetteklassingar. 

- Haustferien 2016 vart framsyninga utvida til å vare 30 min, og vart besøkt av 1500 publikummarar på VilVite. 

- Hausten 2017 var framsyninga på DKS turné i Bergen kommune. Framsyninga var óg på ein tredagars klimaturné i Hardanger i regi av Hardangerbiblioteka i november 2017. 

- Skuleåret 2018/2019 skal framsyninga ut på sin andre DKS turné i Bergen kommune.

Vannmolekylet Splæsj

Splæsj i regnets by

 

Ser dette ut som ein vanleg fyr? Eller kanskje eit dyr? Nei... Det her er nemleg eit vannmolekyl!

 

Vannmolekylet Splæsj og venene hans tek deg med på ein tur gjennom vatnets kretsløp. Gjennom historia får vi svar på litt av kvart. Kva er eigentlig skyar?  Kvifor regnar det så mykje i Bergen? Og kva skjedde den gongen Lille Lungegårdsvatn fraus til is? 

 

Historia om Splæsj og venene hans er skrevet og fortalt av Lina sjølv. Den har vore ein del av fortellerprogrammet LitenViten ved VilVite, 2011/12, sommeren 2014 og jula 2015.

 

 Passer for barn og voksne, frå 4 år og oppover. 

 

Varigheit ca. 8 min. 

 

 

Forteljinga var ein del av underhaldningsprogrammet på leikebutikken "Leker og Mer" hausten 2012.

Hausten 2016 var Lina og Splæsj på besøk på DaVinchi Montessoriskule i Bergen, her fekk elevane i tillegg til å høyre historia vere med på eit nyutvikla tilhøyrande dramaforløp.

Reveenka

Reveenka

 

Det var ein gong eit revepar som budde langt inne i den store skogen. Dei var gode vener, likte de same seriane på TV, og hadde ellers eit godt sosialt nettverk, men så var det ein dag at denne revefaren var på besøk i hønsehuset til bonden...

 

Det kjente eventyret frå Asbjørnsen og Moe, i ei ny drakt. Moderne element, ord og personligheiter blir dratt inn i det kjente folkeeventyret. 

 

Ein lett tilgjengeleg historie som passar både for barn og vaksne. 

 

Lina speler ut alle dei ulike karakterane med stor variasjon i denne blandingen av eventyrforteljing og stand up og dreg gjerne inn referansar til staden ho opptrer på, og personane ho opptrer for. 

 

 

Varigheit: 8min

Mykje brukt i konferansesamanheng

 

Vist på bl.a: 

Nors Tippings Kjedekonferanse, Ullevåll Stadion

Nationaltheateret, drømmestipendmarkering

Christiana teater, jubileumsfeiring

Stortinget, møteunderholdning

Den kulturelle skulesekkens årlege prisutdeling "Gullsekken" på Hamar kulturhus

Barnas festspilldag, Grieghallen

 

 

 

 

 

Please reload

© 2023 by MATT WHITBY. Proudly created with Wix.com