Bestill framsyning/ innslag

Lina kan tilby mange ulike tenester. Ferdige teaterframsyningar, kulturelle innslag, spesialskrivne innslag, vitenshow, song, dikt og mykje meir. Ta kontakt for pris og oppdrag.

IMG_7335.jpg

Hit eit steg

Turneringsklar haust 2020

Eit verk basert på Ingebrigt Daviks univers. Vi får bli kjent med Kaia som er på veg til skulen, for aller, aller fyrste gong.Ho har venta så frykteleg lenge og endeleg er dagen her. Alt er pakka og klart, det har ho sjekka minst ti tusen gonger. Kaia trippar både hit og dit langs skulevegen sin og møter både Måse-Mons, Måse-Mor og Vevekjerringa. Og når tankane om skulen vert for store er det godt å kunne ta ein ferd ned til den underlege verda langt nedpå havbotnen, kor Flyndre-Fanten og sjølvaste Krabbe-Krølle bur. 

Regi og dramaturgi: Ingrid Askvik
Manus: Lina Taule Fjørtoft
Skodespelar: Lina Taule Fjørtoft
Musiker og arrangør: Toivo Fjose
Produsent: Lina Taule Fjørtoft

Foto og film: Thomas B. Brandt

Frå 4 år

Varigheit: ca.45 minutter

Meir info: https://www.detvestnorsketeateret.no/pa-scenen/hit-eit-steg/ 

img_1307henri uotila 2.JPG

Bjørnis og de røde prikkene

På toppen av jorda, i isbjørnparadis, bur den vesle isbjørnen Bjørnis saman med selar, fiskar, ismåkar og snøkrystallar. Men ein dag får Bjørnis vondt i magen og oppdagar raude prikkar i maten sin! Og på nattehimmelen kjem det fleire dansande raude prikkar han aldri har sett før. Etter eit besøk hos sin kloke ven hvalrossen Hvalen Ross, finn Bjørnis ut kor dei raude prikkane kjem frå. Han bestemmer seg for at han må prøve å redde heimen sin, og få ein slutt på dei raude prikkane som øydelegg all maten deira.

«Bjørnis og de røde prikkene» er ein leiken og visuell framsyning, med bruk av både dukkar, masker og eigenkomponert musikk. Bli med til Svalbard og bli kjent med dyra som lever der!

Varigheit: 40 minutter

Medvirkande: Lina Taule Fjørtoft og Haflidi Arnar Haflidason

fronlosjen2020 (1 of 1)-28.jpg

Rita Løvetannhjarte

Under utvikling, tentativ premiere hausten 2021.


Åtte år gamle Rita veks opp i ein heim full av flasker, eit flaskeunivers. Mr. Tequila er favoritten, for han har raud hatt og så kjem han frå Mexico! Han er veldig artig å leike med. – Han kan ikkje pantast, slik som meg, eg kan heller ikkje pantast, tenkjer Rita. Tenk å kunne pantast, det hadde vore flott, å kunne leve om igjen, ein ny start, ein annan stad. Litt som Brørne Løvehjarte når dei dreg til Nangijala. Ein ny start – kanskje det er det som ventar, om Rita berre kryp inn i panteautomaten?

Medverkande: 


Manus, produsent og skodespel: Lina Taule Fjørtoft


Komponist og musikar: Toivo Fjose

Scenograf: Silje Sandodden Kise

IMG_4178.JPG

Vitenshow

Få eit spesialtilpassa vitenshow på besøk!

Dette kan dreie seg om spesielle tema som showet : "Klimakaos", eller vere meir for underhaldninga si skuld. 

68448934_10157789794588570_2843627976153

Konferansier

Lina har god erfaring som konferansier ved ein rekke events, og tek gjerne i mot oppdrag som dette.

20171214_fotografi_lina_fjortoft_MG_1888

Dikt/ song / opplesning

Lina bidreg gjerne med kulturelle innslag av ulike slag. Og kan også skrive tekstar til ulike anledningar.

 
  • Facebook

©2019 by lina. Proudly created with Wix.com