Om

Lina Taule Fjørtoft er ei 27 år gammal skodespelar frå Bergen som våren 2016 gjekk ut frå teaterproduksjon og skodespelarfag ved Nord universitet (tidl. HiNT).

Lina jobbar for tida med å utvikle produksjonen "Hit eit steg" basert på Ingebrigt Daviks fargerike univers. Dette er ein co-produksjon med Det Vestnorske Teateret. Lina er manusutviklar, produsent og skodespelar. 

I november 2016 debuterte Lina på Den Nationale Scene som Hodel i "Spellemann på taket", regissert av Svein Sturla Hungnes. Videre fulgte roller i det nyskrevne musikkteateret "Engler over Møhlenpris",  krimkomedien "Historien om et mord", "Folk og røvere i Kardemommeby" og monologen "Octavia". Ved DNS har Lina også medvirka i ei rekke skodespelardrivne prosjekt og konsertar. Ho debuterte hausten 2019 som dramatikar i eit spesialbestilt stykke for DNS for aldersgruppa 3- 6 år. 

 

 I 2017 var Lina med på å utvikle og produsere urpremiera av "Trufilotten" i samarbeid med Globus Teater og Akershus Teater. Stykket er tatt opp i scenekunstbruket og har blitt vist på m.a. Haugesund Teater ,Teater Ibsen og Teater Innlandet. 

Ho har turnert i DKS med framsyninga "Frida og Professor Vinter" skapt av Lina og Haflidi Arnar Haflidason, som saman har teaterkompaniet Fnugg Teater. 

I 2019 hadde Fnugg Teater premiere på  "Bjørnis og de røde prikkene", som har blitt spelt både i inn- og utland. Framsyninga vart invitert til Lahti i Finland. den har turnert i Hardanger, gjesta klima og miljøfestivalar og var hoveddelen av Bergen kommunes "Scuba"-festival i 2019. 

Lina har har fordypning i forteljekunst og også mykje erfaring innanfor song. Ho er også interessert i å jobbe med film, ho har medvirka i  TV-serien "Aber Bergen" og har også  vore med i fleire kortfilmproduksjonar. 

I 2018 var Lina med på å etablere teaterkompaniet "Eventyr i Parken", som produserar interaktivt vandreteater for store og små, i parkar, skogar og gatesmau. Kompaniet har laga 14 ulike produksjonar og er i 2020 kunstnarar under Bergen 950års jubileum. I kompaniet medvirker ho som styremedlem, dramatikar og skodespelar

I 2015 vart Lina og Hafidi Arnar Haflidason norgesmeistre i Vitenskapsshow, med showet "Frida og Professor Vinter". Ho tilknytta vitensenteret VilVite, her ho er med på å formidle realfagleg kunnskap på ein spanande måte. I 2019/2021 er ho med på det internasjonale Sci:Stage prosjektet for å forske i korleis vitskap og teater kan kombinerast. Dette skal ende opp i ei framsyning på Island i mai 2021.

I løpet av teaterkarriera si har ho fått ei rekke prisar og stipend, som bl.a. "Drømmestipendet" og "Bergen kommunes talentutviklingsstipend".

Lina er opptatt av å ta vare på born og ungdoms rett på kultur og har vore ein ivrig ambassadør for "Drømmestipendet", Kulturskolen og "UKM". I 2018 og 2019 var Lina medlem av fagjuryen i teater for Drømmestipendet.

© 2023 by MATT WHITBY. Proudly created with Wix.com